Full fart for high school-jentene

Utdanning for jenter gir resultater.

Stor spenning for norske JV-venner som besøkte Jagriti Vihara i februar under ledelse av Mildrid Nesheim. Spente og forventningsfulle var nok og dei seksten skolejentene som no går på «high school» på Jagriti Vihara. Dei tok i mot oss med opne smil, og det tok ikkje lang tid før dei inviterte oss opp til sitt internat. Dei viste stolt fram romma sine, små rom med to køyesenger og fire jenter på kvart rom. Dei låg to saman i underkøya, og så hadde dei eignedelane sine i overkøya  Seinare på kvelden vart vi inviterte opp til song og dans, og vi nordmenn måtte nok erkjenne at vårt bidrag vart stort sett første vers av dei songane vi trudde vi kunne godt. Når vi kom litt uti songen, låg «gløymetåka» der, til og med på «Mellom bakkar og berg».

Dei seksten jentene som no går på Jagriti Vihara, er ferdig med grunnskolen, og dei er utvalgt. Dette er jenter som Jagriti Vihara veit vil kunne gjere ein innsats ute i landsbyane, t.d. som sosialarbeidarar, eller dei vil kunne gå vidare på skole og ta meir utdanning, så sant dei kan få eit stipend -. Alle bur på internatet, og mange har lang veg heim, kanskje opp til 50 km. Det hender at ein far kan ta mor på bagasjebrettet og sykle 50 km for å besøke dotter si på Jagriti Vihara, vart vi fortald. Tanken er at dette skal vere eit tre til fireårig undervisningsløp, og at Jagriti Vihara vil ta opp ei ny klasse kvart år, slik at det om fire år vil vere 70-80 elevar der. Men dei treng mykje økonomisk stønad for å få dette til.

Stolte jenter i nye skuleuniformar.