Konferanse mot kvinnevold

Skola var full av skolejenter da JV arrangerte konferanse om vold mot kvinner.

Vi i den norske gruppa som vitja JV i februar var så heldig at vi fekk vere med på ein konferanse for «high school-jentene», også elevar frå JV-skolen i McCluscieganj, om vald mot kvinner i India. Rundt 70 unge jenter i sine blå skoleuniformar fylte salen da rektor Sushil opna konferansen. Og det var veldig engasjerte jenter og lærarar som heldt innlegg/appell eller song. Dei torde å stå opp og seie kva dei meinte, det var kampglød i stemmene deira og mimikk og kroppsspråk viste styrke! Vi forstod jo ikkje kva dei sa, men vi forstod likevel -! Også Jaya heldt innlegg, og det var verkeleg kraft i 83-åringen (blir 84 13. sept, i følgje passet). Han fortalde ved kveldsmaten at han m.a. hadde bede dei vere frie og sterke og kjempe kvinnekampen, og dei måtte frigjere seg frå tanken om at dei måtte gifte seg!