Hallinger på kortkurs

Hallingdal folkehøgskule inviterer folk flest til indiatur om vinteren.

Utgangspunktet for turen til India er den historiske og viktige tilknytninga til Jaya, som er leiar av Jagriti Vihara. Han var elev på folkehøgskulen i 65/66. Kvart år er det elevar frå 65/66-kullet som vil besøke Jaya og JV. Her er bilder frå turen i februar 2009. Reiseleiarar er Tove Lønne og rektor Mildrid Nesheim.
Alle foto: Tove Lønne

Vi kom til Jagriti Vihara torsdag 19. februar. Her blir vi servert frokost på den flotte uteplassen. Og møter jentegruppa som er elevar på JV.

Om kvelden var vi sammen med jentegruppa og volleyballgjengen. Vi sang, dansa og hygga oss sammen.

Fredag 20. gjekk vi til landsbyen Dumaro. Vi besøkte skulen, som har rundt 350 elevar, og var samla etterpå til kulturutveksling: sang, musikk, spørsmål og svar. Eit viktig møte.

Ashok, som jobber på kjøkkenet og serverer, er ein flink massør. Det var fleire av oss nordmenn som fekk god massering.

Lørdag 21. var det eit viktig møte der det blei orientert om  rettigheter for funksjonshemma.

På ettermiddagen var vi ein gjeng som rusla langs vegen, og møtte tilfeldig Sitamoni. Ho var kokk på JV fram til 1997. Ho er i dag healer og er ei viktig kvinne for lokalbefolkningen.

Søndag 22. avreise etter gode dagar på Jagriti Vihara.