Sjukestua strever

Ein av dei ansette må tåle konkurranse frå medisinmannen.

Og så er hospitalet/sjukestua kome i gang. Den måndagen vi var der, hadde det vore ti pasientar til konsultasjon. For i det heile å få pasientar, må undersøking og behandling vere fri, men dei må betale for medisin. Men fortsatt er nok trua på den medisinmannen og dei gamle «kjerringrådene» svært sterk i landsbyane rundt. Og dei manglar absolutt alt: Undersøkingsutstyr, pasientsenger ….. Enn om vi hadde fått utstyr frå Sykehuset Østfold og Hallingdal Sjukestuggu, der dei no bygger nytt og kastar alt det gamle, og enn om eit rederi kunne ha sponsa containarar og transport til India -!

Elles må vi håpe at stemninga i landsbyane snur til fordel for sjukestua på Jagriti Vihara på same måten som stemninga har snudd når det gjeld skolen i Dumarro.